lørdag 3. mai 2014

Stefan Zweig og verda av i går

Det er tydelegvis ein liten Zweig-renessanse for tida. Filmen 'Hotel Budapest' skal vere inspirert av Zweig og nye biografiar har vorte publiserte og forteljingane hans har kome i nye opplag. Zweig er kanskje ein forfattar som ein del har lese om, men færre lese noko av. Dei bøkene som er mest lesne i vår tid er vel gjerne novellene hans som 'Amok', 'Frykten', 'Tjuefire timar i livet til ei kvinne', 'Brev frå ei ukjend kvinne', 'Sjakknovelle', m.fl. I tillegg blei han verdskjend på 1920-talet som biografi-forfattar og bøkene hans blei omsette til mange språk og selde i millionar. Han var i det heile teke ein feira forfattar i si tid.

Stefan Zweig (1881-1942) på den franske Rivieraen
'Verda av i går' er Zweigs sjølvbiografi og blei forøvrig utgjeven att på norsk i 2012. (Sjølv har eg lese ei engelsk utgåve). Dette er eit veldig spennande tidsbilete for utviklinga av Zweigs ungdom i Wien på slutten av 1800-talet og framover til han, som så mange andre, måtte søke tilflukt utanfor nazistanes rekkevidde. Han var i det heile teke ein ganske upolitisk forfattar, men som blei dregen inn i politikkens dragsug mot sin vilje. Dersom ein kan finne ein politisk visjon hjå han, så var det eit slags europeisk fellesskap basert på felles skriftkultur. Dette gjorde også at han var sterk motstandar av første verdskrigen. Han gjennomlevde ein tung periode med isolasjon ettersom alle venene hans i Austerrike blei supernasjonalistar,men kom seg etterkvart til Sveits der han slutta seg til krigsmotstandarar som Romain Rolland.

Verdien av denne boka er først og fremst at Zweig er ein veldig god observatør. Skildringane hans er veldig gode av forholdet mellom generasjonane under dobbeltmonarkiet, disiplinen i skulesystemet, undertrykkinga av seksualiteten til kvinner og dobbeltmoralen der prostitusjon var både utbreidd og akseptert. Det er også veldig interessante skildringar av den uskuldige ungdomstida som Zeig brukte til å skrive og sosialisere med forfattarar i sitt eige land, Tyskland og Frankrike. Han reiser heilt utan pass til både USA og India noko som står i sterk kontrast til mellomkrigstida, der pass og grensekontroll blir sett gjennom. I det heile teke er kontrasten til mellomkrigstida slåande. Han slår seg ned med familie i Salzburg midt under mangeltida etter verdskrigen og med galopperande inflasjon. Boka får også fram galskapen i hyperinflasjonen i Tyskland i 1921-23 og korleis denne krisa, som ruinerte mange, la grunnlaget for eit autoritært styre på same vis som rubelkrisa i 1998 bante vegen for Putins styre i Russland åtti år seinare. Boka kan såleis bli lesen i dag som ei åtvaring for korleis ein liberal epoke der eit privilegert lag av befolkninga kan leve i si eiga boble, kan bli avløyst av ei utvikling i autoritær retning som ein forsvarsreaksjon frå dei som er liberalismens taparar.

Zweig i hagen sin i Salzburg
Som austerrikar, så var ikkje Zweig i direkte livsfare dei første åra etter nazistanes maktovertaking i Tyskland, og han hadde alt før 1933 innleia eit samarbeid med Richards Strauss om å skrive libretto til ein opera. Etter at Hitler kom til makta spelte imidlertid Strauss eit dobbeltspel der han blei (for ei tid) leiar for eit nazistisk riksmusikkammer og forsøkte samtidig å få sett opp operaen med Zweigs namn på plakaten. Strauss oppfatta seg som upolitisk og måtte berre tilpasse seg og ikkje minst var han redd for sin eigen familie der hans svigerdotter var jødisk og barnebarna hans ville kome i fare. Zweig har ein interessant skildring av denne tilpassingsstrategien som førte til at mange innan tysk musikkliv gjorde det same som Strauss. Zweig var alt i denne perioden busett i London og då krigen kom drog han til USA og Brasil.

mandag 24. februar 2014

George Kaplan i Jugoslavia.

Etter å ha lese "Altai" (sjå tidlegare blogginnlegg), så tok eg nyleg fatt i romanen "54" av det italienske forfattarkollektivet Wu Ming. Også dette er ein historisk roman, men der tidrommet er lagt til året 1954. Dette var eit hendingsrikt år der striden om Trieste blei avgjord og med deling av italiensk-slovenske område, slaget om Dien Bien Phu avgjorde Frankrikes nederlag i Indokina, KGB blei oppretta etter oppgjeret med Beria etter Stalins død og Cary Grant spelte inn "Tyv fanger tyv" (To catch a thief) med Grace Kelly og redigert av Alfred Hitchcock.

54 er det ein kan kalle ein flettverksroman om korleis ulike lagnader kjem i kontakt med kvarandre. Sentrale personar er: Cary Grant som blir kontakta av britisk etterretning for å kunne lage ein film om Tito i Jugoslavia, gangsteren Lucky Luciano som organiserer smugling i Napoli, brørne Capponi som driv den kommunistiske baren Aurora i Bologna, pappa Vittorio Capponi som blei att som partisan i Jugoslavia, eit fjernsynsapparat laga av McGuffin Electric Company i USA, småtjuven Salvatore Pagano som blir kalla Kociss etter ein ungarsk fotballspelar, den amerikanske gangsteren Stefano Zollo kjend som "Steve Cement" etter måten han gravla ein del folk på, Angela Montroni som har ein bror på sinnssjukehus, Ettore Bergamini som er tidlegare partisan og no smuglar osb. osb. Det er mange historiar som skal tvinnast saman mot slutten av boka og forfattarane klarar å få det til.

54 følgjer slavisk ein kronologi frå slutten av 1953 til november 1954 og som i tidlegare Wu Ming-romanar som Altai og Q (skrive under psevdonymet "Luther Blissett"), så er kronologisk tid eit styrande element. Det er vekt på hendingar og handlingar som rører seg uavvendeleg framover. Dette er truleg det mest pop-litterære trekket i romanane og byggjer opp spenning som i ein tradisjonell kriminalroman. Likevel, talet personar er ganske stort og det er ingen lett identifiserbar helt i denne boka. Dette gjer det også vanskeleg å forutsjå kva som vil skje til slutt når alle forteljingane skal løysast opp. Berre innimellom får vi gjennom personanes tankar og dialog litt tilbakeskoding, men den litterære stilen i kvart kapittel varierer også sterkt. Enkelte kapittel der hendingane er skildra frå eit subjektivt synspunkt er av og til skrivne i andreperson eller i tredjeperson. Fri indirekte tale? Ja, på ein måte, men med ein vri som minner om Pasolini. Sjølve møtet mellom Cary Grant og Tito er skrive på ein måte som truleg vil kunne gje opphav til ein del analyser frå litteraturvitarane si side.


Wu Ming1 har omtala deira eigen stil (men også Roberto Savianos "Gomorra") som "Ny italiensk epikk". Jorge Luis Borges sa i eit intervju frå 1966 at det episke hadde berre overlevd i westernfilmar og Wu Ming sine romanar kan kanskje reknast som ein slags westernfilm eller eit helteepos der avgjerande moralske og politiske tema blir tekne opp. Mange andre romanar blir puslete i samanlikning.

Boka er også full av små morosame påfunn som filmkjennarar vil kjenne att som Cary Grants dekknamn (jf. North-by-Northwest) eller namnet på fjernsynsapparatet. Psykoanalysen av Grant på slutten av boka er også hylande morosam.

tirsdag 26. november 2013

Den lange marsjen Sichuan musli

Bleeding Edge er tittelen på Thomas Pynchons siste bok og den er, som alle bøkene hans, i stor grad ei skildring av eit bestemt miljø på eit bestemt historisk tidspunkt. I denne boka er miljøet det som blei kalla 'Silicon Alley' som var ei samling internettselskap på Manhattan og tidspunktet er våren 2001 like etter dotcom-bobla hadde sprukke og mange av selskapa i 'The Alley' var på veg nedover. Historien går framover i eit år og vi får såleis med oss samanrasinga av tvillingtårna der Horst Loeffler (den fråseparerte og etterkvart ikkje så fråseparerte) ektemannen til hovudpersonen har kontor. Han er imidlertid heldig og overlever på grunn av at han er ute med ein kompis dagen før og ikkje kjem seg på kontoret den tysdagen 11. september.

På same vis som Pynchons førre bok, Inherent Vice, har boka ein slags detektiv som hovudperson. Dette er Maxine Tarnow som er frilans svindel-etterforskar og svindel er det mykje av i denne som seinare periodar. I tida etter dotcom-bobla er det likevel enkelte selskap som ekspanderer og eitt av desse er Hashlingerz.com som kjøper opp selskap som er på veg til å gå konkurs. Maxine blir spesielt interessert i Whsagh.com (forkorting for "We have some awesome graphics here!") som har vorte brukt til å overføre pengar til det som truleg er jihadistar i Midt-Austen. Eigaren av hashslingrz.com er Gabriel Ice som er like creepy som namnet skulle tilseie. I tillegg er han interessert i ei slags virtual reality-verd kalla DeepArcher (utt: "departure") som blir programmert av to geeks frå California.Maxine er venn med kona til den ein av dei og borna deira går i samme klasse på Kugelblitz-skule. Skulen er oppkalla etter Otto Kugelblitz som var ein elev av Sigmund Freud som emigrerte til USA. Han fall i unåde hjå den store meisteren etter å ha meint at kvart livsstadium er ei sinnliding. Berre døden er det stadiet der vi kan oppnå å vere tilreknelege.

Thomas Pynchon guest starring on The Simpsons, 2004.På same vis som i tidlegare bøker, er det ingen klar plottutvikling i Bleeding Edge. Eller snarare, plotta utviklar seg som stadig nye komplott: menn med Stinger-rakettar på taket av ei bustadblokk veka før 11. september, ein shady agent med tvilsamt rulleblad frå Sør-Amerika, ein merkeleg skapnad med kjenslevar nase, russiske gangsterar, ein svoger som kanskje er Mossad-agent, ein 'venture capitalist' med mafia-bakgrunn, ein sjølvlærd zen-coach, heroinsmugling, venstreorienterte bestemødre med eigen blogg, fotsex, møter i skumle sjapper osb. osb. Når det gjeld miljøskildringane, så er det vanskeleg å vite kva som er oppdikta og kva som er basert på faktiske forhold. Tittelen på dette blogginnlegget er f.eks. henta frå frukostmenyen til ein kinesisk restaurant som Maxine og Gabriel Ices svigermor tingar mat frå. I omtalen av Bleeding Edge i The London Review skriv Christian Lorentzen, som budde i New York på den tida; at: "Whatever his methodology – Wikipedia, fieldwork, a trove of old issues of Time Out and the Village Voice – Pynchon has the detail right". Det er ein "endless deployment of pop cultural trivia specific to the late 1990s and the first two years of the last decade" (vol.35, nr.18, 26. september 2013). Samtidig er ein god del dikta opp. Når Pynchon for eksempel lar Anthony Hopkins spele hovudpersonen i filmen "The Mikhail Baryshnikov Story" eller at det blir vist ein "not released version of Don Giovanni made by the Marx Brothers". Noko av det morsomaste hjå Pynchon er også dei oppfinnsome akronyma som for eksempel DESPAIR (Disgruntled Employee Simulation Program for Audit Information and Review) som er eit system for å identifisere misnøgde tilsette...Konklusjonen er altså at Bleeding Edge er ei veldig god bok med historier som går i mange ulike retningar, komplott alle stader og 11. september kanskje var ein 'inside job' på ein måte konspirasjonsteoretikarane ikkje har tenkt på.

søndag 20. oktober 2013

Paranoia-klassikar til vår paranoide tid.

Også denne gongen går eg attende til ein klassikar. Denne gongen er det Daniel Paul Schrebers Memoarar frå min nervesjukdom som første gong kom ut på tysk i 1903. Schreber (1842 - 1911) var ein veldig suksessrik høgsterettsdommar i Preussen, men måtte tre tilbake på grunn av sinnsjukdom. Boka tek først og fremst opp tida frå 1893 til 1902 då han var innlagt på ulike sinnsjukehus - og då den lengste perioden ved asylet på Sonnenstein Slott nær Dresden.

Kva aktualitet har så denne boka i dagens situasjon? Boka er først og fremst ganske instruktiv som ei skildring av paranoia sett frå den paranoides eige perspektiv. Vi har nettopp fått ei ny regjering som ope har spelt på paranoide kjensler (jf. Frps valbanner nedanfor) og ein minister som uttalar at innvandring er å "importere middelalderkultur". Men dette er ikkje kjensler som avgrensar seg til Framstegspartiet, men som vi like gjerne kan seie handlar om norsk og europeisk nasjonalisme. Medan det på Schrebers tid er snakk om ei raselære med biologisk innhald, så har rasismen i vår tid ein kulturell vri: kultur utgjer i følgje denne eit uoverstigeleg skilje mellom ulike folkeslag.

Kva kjenneteikna Schrebers paranoide førestellingar? Først og fremst at han kan avsløre komplott alle stader. Professor Flechsig i Leipzig, som han var i behandling hjå, hadde ein noko mystisk innverknad på Schreber. Han meinte Flechsigs sjel påverka hans eiga sjel og at Flechsig forsøkte å utsette han for eit sjelemord der nokon sjeler klarar å auke sin eigen styrke gjennom drepe andre sjeler (Dette er ein idé som seinare blei teken opp av Philip Dick i romanen Ubik i 1969) .

Elles skildra Schreber ulike strengt hierarkiske nivå i himmelen som var befolka av store massar av sjeler. Desse massane kom frå framande folkeslag og dyrka framande gudar og dei utgjorde store flokkar som truga Verdsordninga. Denne Verdsordninga var innsett av Gud som på toppen av det heile snakka tysk. Rett nok var det ein litt særeigen variant av dette språket. I det minste sidan reformasjonen var tyskarane heilt klart Guds utvalde folk og det kunne også hende at dei alt hadde vorte dette frå folkevandringstida av. Men katastrofe truga frå alle kantar og Gud kommuniserte direkte med Schreber gjennom strålar. Utover i boka byrjar det også å skje mirakuløse ting med kroppen hans: han blir forsøkt omdanna til ei kvinne.

Schrebers vrangførestellingar er sjølvsagt mykje meir omfattande enn det som er nemnt her, men det er alltid nokon vonde personar eller krefter som trugar han sjølv eller ein Verdsorden. Desse noko diffuse kreftene har ein uhyggeleg og lite gjennomskodeleg verknad på han gjennom strålar eller på anna vis.Men Schreber har gjennomskoda dei og veit kva som føregår.

Valbanner frå Framstegspartiet
Schreber skreiv boka for å bruke den som eit argument i eit søksmål mot staten for å bli kjend frisk og for å bli slept ut frå Sonnenstein. Dette lukkast han med i 1902. Grunnen til at boka er så kjend i vår tid er først og fremst at ho blei kommentert av Sigmund Freud og seinare av vidkjende forfattarar som Elias Canetti, Jacques Lacan, Gilles Deleuze og Felix Guattari. Det har vorte sagt at Schrebers bok annonserte Hitler og nazismen og det er klare parallellar mellom Schrebers paranoia og Hitlers oppfatningar om ein jødisk verdskonspirasjon for å knuse Tyskland med tilhald i New York, London og Moskva. Den moderne paranoiaen som Framstegspartiet spelar på ("snikislamisering", for eksempel) finn sine parallellar i teoriane om Eurabia og Behring Breiviks ulike ytgydingar. Det er kanskje difor at det har vore så vanskeleg å diskutere 22. juli i denne valkampen. Behring Breiviks forskrudde univers har klangbotnar langt inn i folkedjupet.

lørdag 24. august 2013

Ein forrykande roman

Wu Mings siste roman "Altai" har no kome i engelsk omsetjing og dette er ei forrykande forteljing om spionasje, intriger og svik fletta inn i historiske hendingar i tidsrommet 1569 til 1571. Det er såleis ein historsk roman der hovudpersonen Manuel Cardoso (alternativt Emmanuele De Zante) gjennomlever ein eksplosjon i arsenalet i Venezia, maktspel i Konstantinopel, beleiringa av Famagusta og slaget ved Lepanto.

Wu Ming, som betyr 'anonym' på kinesisk, er eit kollektiv av fire kunstnarar basert i Bologna. Dei skriv også bøker kvar for seg, men då under namna Wu Ming 1, Wu Ming 2 osb. Altai annonserer seg sjølv som ein oppfølgjar til boka "Q" som dei samme forfattarane gav ut i 1999. Denne boka er lagt til reformasjonen i Tyskland og bondeopprøra på 1520-talet. Den blei publisert under namnet 'Luther Blissett'. Luther Blissett var ein britisk fotballspelar som hadde ein relativt middelmådig karriere på AC Milan i byrjinga av 1980-talet, men namnet blei raskt tatt i bruk som psevdonym for ei heil rekke kunstnarar. På 1990-talet kalla forfattarane av Q seg for 'Luther Blissett Project', men dei avslutta dette i år 2000. I seinare tid har dei også engasjert seg i italiensk politikk gjennom ein blogg der dei er kritiske til Beppe Grillo og hans 'Fem stjerner'-parti og ikkje minst til 'Silvio Burlesconi'.

Hovudpersonen i Q dukkar opp i Altai som ein biperson under namnet Ishmail Al-Muchari, kaffihandlar i byen Mocha i Jemen. Han tar seg av handelsinteressene til Yossef Nasi i dette området.Nasi, som er ein historisk person, forsøker i romanen å få danna ein jødisk koloni på Kypros. Jødane i spania hadde vorte kasta ut i 1492 og hadde sidan den tid forsøkt å gjenetablere seg ulike stader, men ikkje utan problem. Nasis familie reiste først til Antwerpen og seinare Venezia før dei slo seg ned i Konstantinopel i det tyrkiske imperiet. Nasi forsøkte her gjennom diplomati å reie grunnen for tyrkisk erobring av Kypros og så danning av eit nytt rike styrt av han sjølv. Den tyrkiske erobringa av Kypros i åra 1570-71 enda i eit vanvittig blodbad etter ei lang beleiring av Famagusta. Denne byen har vorte offer for krig seinare også og den tyrkiske invasjonen i 1974 etterlet store delar av Famagusta som ein spøkelsesby som ein ikkje får lov til å gå inn i. Den greske befolkninga flykta sørover på øya.

Romanen er ein historisk allegori over vår eiga tid med 'clash of civilisations' og stormakter som brakar saman i unødvendig slakteri. Boka er skriven i ein stil som unngår den vanlege rasemessige eller kulturmessige forståinga av forholdet mellom ulike folkeslag som har vore vanleg sidan 1800-talet. Denne tankemåten var rett og slett ikkje oppfunnen på denne tida. Samtidig er den både realistisk og optimistisk!



Bloggføraren på Famagustas gamle murar i juli 2007.

onsdag 12. juni 2013

Dei galne tekne på alvor.



Har nettopp lese ferdig Richard Bentalls Madness Explained: Psychosis and Human Nature og dette er ei  bok som utfordrar det biologiske paradigmet innan psykiatri og psykologi. Dette paradigmet har som utgangspunkt at alvorlege psykiske lidingar som schizofreni, bipolaritet og unipolar depresjon (samla omtala som psykoser) kjem av biologiske årsaker i hjernen. Dei er "hjernesjukdommar" med separate årsaker. Dette var arven etter den tyske psykiateren Emil Kraepelin som klassifiserte psykiatriske patologiar frå slutten av 1800-talet. Ei rekke amerikanske psykiaterar formulerte ein neo-kraepelinsk retning på 1970-talet då dei meinte at psykoanalysen ikkje kunne gje tilstrekkeleg hjelp til psykotske pasientar. Nye medisinar som narkoleptika (anti-psykotiske medisinar) og antidepressiva hadde sidan 1950-talet endra måten desse pasientane blei behandla på. I tillegg var psykiatrien under press for å utvikle biologiske diagnoser i eit helsevesen dominert av forsikringsselskap.

Emil Kraepelin
Bentall utfordrar denne måten å forstå psykoser på ved å vise til at mange av dei sjukdomane som skulle ha separate årsaker, delar mange av dei same symptomane. Visuelle hallusinasjonar som er eit av kjenneteikna på schizofreni, er ikkje uvanleg blant bipolare. Å høyre stemmer, som også er eit symptom på schizofreni, finnest også blant folk som ikkje er sjuke. Tankeforstyrringar går også over i det normale og paranoia finn ein  blant alle diagnosegrupper og blant dei som ikkje er sjuke. Dei galne er såleis ikkje så ulike oss andre. Forskinga på biologiske årsaker til mentale sjukdomar har lenge hatt som tema at dei kjem av "kjemisk ubalanse i hjernen" som i hovudsak er genetiske. Men det har vore store problem med å påvise kva desse ubalansane er og å lage ein genetisk forklaring.

Bentalls alternativ er at ein må konsentrere seg om pasientanes symptom (eller plager ("complaints) som han kallar dei).Ein må ta alvorleg at sjukdomane til pasientane er knytt til deira eige liv og erfaring. Dette betyr ikkje at Bentall ser bort frå biologiske grunnar, men at dei sosiale årsakene må forståast og vere utgangspunkt for behandling. Både bipolaritet og paranoia blir i dette perspektivet to ulike strategiar frå kroppen si side for å unngå depresjon. Det har lenge vore kjent at familieforhold kan stresse psykotiske pasientar til tilbakefall. Manglande tilknytning til omsorgspersonar i barndomen kan føre til sinnsjukdom seinare. Dette gjeld også ulike former for trauma.

søndag 25. mars 2007

Bin-Laden og co tatt på alvor

Feisal Devji har ei spennande bok med tittelen Lanscapes of the Jihad som er eit forsøk på å ta Osama bin Laden, Ayman al-Zawahiri og co på alvor. I staden for å fokusere på dei valdelege sidene av Al-Qaida, så legg han vekt på å ta det dei seier som teologi og individuell etisk livshaldning. At Al-Qaida berre handlar om vald er ein av forståingane av islamsk fundamentalisme på som Devji er ute etter. Den genealogiske måten å forstå jihadistane på er ein annan. Denne legg til grunn at jihadistane må springe ut av ein eller annan form for islamsk tradisjon. Tvert om jihadistane bryt med tradisjonen ved at dei ikkje underkastar seg bestemte teologiske autorietar, men nettopp lagar nye læresetningar og blandar inn element frå shia-muslimsk teologi og sufisme for å forsvare martyriet.

Devjis påstand er at med Al-Qaida er islam vorte verkeleg globalisert. Jihadistane er ikkje knytt til eit bestemt territorium (sjølv om Egypt har ein spesiell plass for al-Zawahiri). Dette i motsetning til Hezbollah og Hamas som er nasjonale frigjeringsrørsler. Al-Qaida som organisasjon (dersom ein kan kalle den det i det heile) er snarare eit laust nettverk av franchise-takarar. Pakistanaren Khalid Sheikh Mohammed som organiserte 11. september åtaka, blir av amerikanske styresmakter karakterisert som ein ’terroristisk entreprenør’ og ’outsider’ i høve til Al-Qaida. Men det er bin Laden og co som finansierte operasjonen og knytte kontaktar og organiserte opplæring. Eit anna trekk ved Al-Qaida som organisasjon er at den ikkje har kontroll over noko territorium og er ikkje bunden til noko territorium heller: ”Forholdet deira til desse territoria [som dei opererer på] kan i staden bli sett som ein serie indirekte og spekulative investeringar. På same vis som spekulantar i den globale økonomien, er deltakarane i jihad dregne inn i ei verd som ser ut til å ha eit eige liv” (s. 9, mi oms.).

Dersom franchisetakarane er spekulantar i ein verdsmarknad for voldelege anslag, så er også jihadistane ein blanda gjeng som ofte kan leve fullstendig assimilert i den befolkninga som dei slår til mot. Dette gjeld både 11. september-gjengen og Madrid-bombarane. Målet deira er ikkje å frigjere ein bestemt flekk av jordskorpa og lage ein islamsk stat der, men snarare å misjonere gjennom handling. Martyriet blir såleis viktig som ein etisk ytring snarare enn som eit steg i ein konkret frigjeringsstrategi. Massemedia er viktig her både som ein måte å universalisere martyriet, men også som appell til den enkelte gjennom eit massemedium. Fleire omvendingsforteljingar skildra av jihadistar involverer TV innslag og videoar. Sidan jihad er ei personleg etisk haldning, vil gjerne valden vere eit forbigåande fenomen snarare enn å vere noko som definerer rørsla. Det individuelle ansvaret er eit brot med tradisjonell islam som gjerne legg vekt på det kollektive. Bin Laden og co har gjennomført ein 'protestantisk' revolusjon i islam.

Eit interessant fenomen er også at bin Laden og co ser at skaden frå 11. september er avgrensa i høve til den skaden som USA vil øve mot seg sjølv ved å oppheve fridomar for borgarane, auka overvaking og for å jakte på jihadistar som kanskje/kanskje ikkje skjuler seg i befolkninga. USA som stormakt kan også berre tenkje territorialt og dermed rotar dei seg fast i område som Afghanistan og Irak. Dermed opnar dei vegen for å bli utsette for åtak frå alle som vil slåss mot dei.

Boka til Devji har mange interessante sider, men det raraste er at den gjer ein deleuzo-guattarisk analyse av jihad utan å nemne verken Gilles Deleuze eller Felíx Guattari. Det interessante med Al-Qaida er at den er ein nomadisk krigsmaskin orientert mot å knuse byen/staten – i dette høve USA og deira allierte (eller Korsfararane som dei kallar dei). Som hjå Deleuze og Guattari har ikkje krigsmaskina naudsynlegvis krig som formål. Medan den nomadiske krigsmaskina er deterritorialisert og rår innan eit glatt rom, så er staten knytt til eit territorium som er stratifisert – eller stripete. Det Devji ikkje tek med er endringane i USA sjølv. Dei ny-konservative si maktovertaking betyr meir enn det vi i Europa har tendens til å få med oss. Dei har sidan Barry Goldwater sitt nederlag i 1964 vore ein konservativ motkultur – ei krigsmaskin for å omdanne verda. Med Republikanaranes sitt valkupp i 2000 kom desse folka til makta og har gjennom hendingane 11. september klart å mobilisere amerikanaranes mikro-fascisme mot alt og alle. Analogt til fascismen i Tyskland har denne krigsmaskina forma ei deterritorialisert fluktlinje for utsletting som har reterritorialisert seg i Irak og Afghanistan. At USA vil tape krigen i Irak ser rimeleg klart ut og spørsmålet er om den konservative fluktlinja blir stansa med dette nederlaget og kor mange dei kjem til å ta av dage i den prosessen. Meir enn 600 000 irakarar er truleg alt døde sidan invasjonen i 2003 i følgje ei undersøking publisert i The Lancet i fjor.