Det er tydelegvis ein liten Zweig-renessanse for tida. Filmen 'Hotel Budapest' skal vere inspirert av Zweig og nye biografiar har vorte publiserte og forteljingane hans har kome i nye opplag. Zweig er kanskje ein forfattar som ein del har lese om, men færre lese noko av. Dei bøkene som er mest lesne i vår tid er vel gjerne novellene hans som 'Amok', 'Frykten', 'Tjuefire timar i livet til ei kvinne', 'Brev frå ei ukjend kvinne', 'Sjakknovelle', m.fl. I tillegg blei han verdskjend på 1920-talet som biografi-forfattar og bøkene hans blei omsette til mange språk og selde i millionar. Han var i det heile teke ein feira forfattar i si tid.
![]() |
| Stefan Zweig (1881-1942) på den franske Rivieraen |
Verdien av denne boka er først og fremst at Zweig er ein veldig god observatør. Skildringane hans er veldig gode av forholdet mellom generasjonane under dobbeltmonarkiet, disiplinen i skulesystemet, undertrykkinga av seksualiteten til kvinner og dobbeltmoralen der prostitusjon var både utbreidd og akseptert. Det er også veldig interessante skildringar av den uskuldige ungdomstida som Zeig brukte til å skrive og sosialisere med forfattarar i sitt eige land, Tyskland og Frankrike. Han reiser heilt utan pass til både USA og India noko som står i sterk kontrast til mellomkrigstida, der pass og grensekontroll blir sett gjennom. I det heile teke er kontrasten til mellomkrigstida slåande. Han slår seg ned med familie i Salzburg midt under mangeltida etter verdskrigen og med galopperande inflasjon. Boka får også fram galskapen i hyperinflasjonen i Tyskland i 1921-23 og korleis denne krisa, som ruinerte mange, la grunnlaget for eit autoritært styre på same vis som rubelkrisa i 1998 bante vegen for Putins styre i Russland åtti år seinare. Boka kan såleis bli lesen i dag som ei åtvaring for korleis ein liberal epoke der eit privilegert lag av befolkninga kan leve i si eiga boble, kan bli avløyst av ei utvikling i autoritær retning som ein forsvarsreaksjon frå dei som er liberalismens taparar.
![]() |
| Zweig i hagen sin i Salzburg |


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar