lørdag 3. mai 2014

Stefan Zweig og verda av i går

Det er tydelegvis ein liten Zweig-renessanse for tida. Filmen 'Hotel Budapest' skal vere inspirert av Zweig og nye biografiar har vorte publiserte og forteljingane hans har kome i nye opplag. Zweig er kanskje ein forfattar som ein del har lese om, men færre lese noko av. Dei bøkene som er mest lesne i vår tid er vel gjerne novellene hans som 'Amok', 'Frykten', 'Tjuefire timar i livet til ei kvinne', 'Brev frå ei ukjend kvinne', 'Sjakknovelle', m.fl. I tillegg blei han verdskjend på 1920-talet som biografi-forfattar og bøkene hans blei omsette til mange språk og selde i millionar. Han var i det heile teke ein feira forfattar i si tid.

Stefan Zweig (1881-1942) på den franske Rivieraen
'Verda av i går' er Zweigs sjølvbiografi og blei forøvrig utgjeven att på norsk i 2012. (Sjølv har eg lese ei engelsk utgåve). Dette er eit veldig spennande tidsbilete for utviklinga av Zweigs ungdom i Wien på slutten av 1800-talet og framover til han, som så mange andre, måtte søke tilflukt utanfor nazistanes rekkevidde. Han var i det heile teke ein ganske upolitisk forfattar, men som blei dregen inn i politikkens dragsug mot sin vilje. Dersom ein kan finne ein politisk visjon hjå han, så var det eit slags europeisk fellesskap basert på felles skriftkultur. Dette gjorde også at han var sterk motstandar av første verdskrigen. Han gjennomlevde ein tung periode med isolasjon ettersom alle venene hans i Austerrike blei supernasjonalistar,men kom seg etterkvart til Sveits der han slutta seg til krigsmotstandarar som Romain Rolland.

Verdien av denne boka er først og fremst at Zweig er ein veldig god observatør. Skildringane hans er veldig gode av forholdet mellom generasjonane under dobbeltmonarkiet, disiplinen i skulesystemet, undertrykkinga av seksualiteten til kvinner og dobbeltmoralen der prostitusjon var både utbreidd og akseptert. Det er også veldig interessante skildringar av den uskuldige ungdomstida som Zeig brukte til å skrive og sosialisere med forfattarar i sitt eige land, Tyskland og Frankrike. Han reiser heilt utan pass til både USA og India noko som står i sterk kontrast til mellomkrigstida, der pass og grensekontroll blir sett gjennom. I det heile teke er kontrasten til mellomkrigstida slåande. Han slår seg ned med familie i Salzburg midt under mangeltida etter verdskrigen og med galopperande inflasjon. Boka får også fram galskapen i hyperinflasjonen i Tyskland i 1921-23 og korleis denne krisa, som ruinerte mange, la grunnlaget for eit autoritært styre på same vis som rubelkrisa i 1998 bante vegen for Putins styre i Russland åtti år seinare. Boka kan såleis bli lesen i dag som ei åtvaring for korleis ein liberal epoke der eit privilegert lag av befolkninga kan leve i si eiga boble, kan bli avløyst av ei utvikling i autoritær retning som ein forsvarsreaksjon frå dei som er liberalismens taparar.

Zweig i hagen sin i Salzburg
Som austerrikar, så var ikkje Zweig i direkte livsfare dei første åra etter nazistanes maktovertaking i Tyskland, og han hadde alt før 1933 innleia eit samarbeid med Richards Strauss om å skrive libretto til ein opera. Etter at Hitler kom til makta spelte imidlertid Strauss eit dobbeltspel der han blei (for ei tid) leiar for eit nazistisk riksmusikkammer og forsøkte samtidig å få sett opp operaen med Zweigs namn på plakaten. Strauss oppfatta seg som upolitisk og måtte berre tilpasse seg og ikkje minst var han redd for sin eigen familie der hans svigerdotter var jødisk og barnebarna hans ville kome i fare. Zweig har ein interessant skildring av denne tilpassingsstrategien som førte til at mange innan tysk musikkliv gjorde det same som Strauss. Zweig var alt i denne perioden busett i London og då krigen kom drog han til USA og Brasil.