onsdag 12. juni 2013

Dei galne tekne på alvor.



Har nettopp lese ferdig Richard Bentalls Madness Explained: Psychosis and Human Nature og dette er ei  bok som utfordrar det biologiske paradigmet innan psykiatri og psykologi. Dette paradigmet har som utgangspunkt at alvorlege psykiske lidingar som schizofreni, bipolaritet og unipolar depresjon (samla omtala som psykoser) kjem av biologiske årsaker i hjernen. Dei er "hjernesjukdommar" med separate årsaker. Dette var arven etter den tyske psykiateren Emil Kraepelin som klassifiserte psykiatriske patologiar frå slutten av 1800-talet. Ei rekke amerikanske psykiaterar formulerte ein neo-kraepelinsk retning på 1970-talet då dei meinte at psykoanalysen ikkje kunne gje tilstrekkeleg hjelp til psykotske pasientar. Nye medisinar som narkoleptika (anti-psykotiske medisinar) og antidepressiva hadde sidan 1950-talet endra måten desse pasientane blei behandla på. I tillegg var psykiatrien under press for å utvikle biologiske diagnoser i eit helsevesen dominert av forsikringsselskap.

Emil Kraepelin
Bentall utfordrar denne måten å forstå psykoser på ved å vise til at mange av dei sjukdomane som skulle ha separate årsaker, delar mange av dei same symptomane. Visuelle hallusinasjonar som er eit av kjenneteikna på schizofreni, er ikkje uvanleg blant bipolare. Å høyre stemmer, som også er eit symptom på schizofreni, finnest også blant folk som ikkje er sjuke. Tankeforstyrringar går også over i det normale og paranoia finn ein  blant alle diagnosegrupper og blant dei som ikkje er sjuke. Dei galne er såleis ikkje så ulike oss andre. Forskinga på biologiske årsaker til mentale sjukdomar har lenge hatt som tema at dei kjem av "kjemisk ubalanse i hjernen" som i hovudsak er genetiske. Men det har vore store problem med å påvise kva desse ubalansane er og å lage ein genetisk forklaring.

Bentalls alternativ er at ein må konsentrere seg om pasientanes symptom (eller plager ("complaints) som han kallar dei).Ein må ta alvorleg at sjukdomane til pasientane er knytt til deira eige liv og erfaring. Dette betyr ikkje at Bentall ser bort frå biologiske grunnar, men at dei sosiale årsakene må forståast og vere utgangspunkt for behandling. Både bipolaritet og paranoia blir i dette perspektivet to ulike strategiar frå kroppen si side for å unngå depresjon. Det har lenge vore kjent at familieforhold kan stresse psykotiske pasientar til tilbakefall. Manglande tilknytning til omsorgspersonar i barndomen kan føre til sinnsjukdom seinare. Dette gjeld også ulike former for trauma.

Ingen kommentarer: