søndag 25. mars 2007

Bin-Laden og co tatt på alvor

Feisal Devji har ei spennande bok med tittelen Lanscapes of the Jihad som er eit forsøk på å ta Osama bin Laden, Ayman al-Zawahiri og co på alvor. I staden for å fokusere på dei valdelege sidene av Al-Qaida, så legg han vekt på å ta det dei seier som teologi og individuell etisk livshaldning. At Al-Qaida berre handlar om vald er ein av forståingane av islamsk fundamentalisme på som Devji er ute etter. Den genealogiske måten å forstå jihadistane på er ein annan. Denne legg til grunn at jihadistane må springe ut av ein eller annan form for islamsk tradisjon. Tvert om jihadistane bryt med tradisjonen ved at dei ikkje underkastar seg bestemte teologiske autorietar, men nettopp lagar nye læresetningar og blandar inn element frå shia-muslimsk teologi og sufisme for å forsvare martyriet.

Devjis påstand er at med Al-Qaida er islam vorte verkeleg globalisert. Jihadistane er ikkje knytt til eit bestemt territorium (sjølv om Egypt har ein spesiell plass for al-Zawahiri). Dette i motsetning til Hezbollah og Hamas som er nasjonale frigjeringsrørsler. Al-Qaida som organisasjon (dersom ein kan kalle den det i det heile) er snarare eit laust nettverk av franchise-takarar. Pakistanaren Khalid Sheikh Mohammed som organiserte 11. september åtaka, blir av amerikanske styresmakter karakterisert som ein ’terroristisk entreprenør’ og ’outsider’ i høve til Al-Qaida. Men det er bin Laden og co som finansierte operasjonen og knytte kontaktar og organiserte opplæring. Eit anna trekk ved Al-Qaida som organisasjon er at den ikkje har kontroll over noko territorium og er ikkje bunden til noko territorium heller: ”Forholdet deira til desse territoria [som dei opererer på] kan i staden bli sett som ein serie indirekte og spekulative investeringar. På same vis som spekulantar i den globale økonomien, er deltakarane i jihad dregne inn i ei verd som ser ut til å ha eit eige liv” (s. 9, mi oms.).

Dersom franchisetakarane er spekulantar i ein verdsmarknad for voldelege anslag, så er også jihadistane ein blanda gjeng som ofte kan leve fullstendig assimilert i den befolkninga som dei slår til mot. Dette gjeld både 11. september-gjengen og Madrid-bombarane. Målet deira er ikkje å frigjere ein bestemt flekk av jordskorpa og lage ein islamsk stat der, men snarare å misjonere gjennom handling. Martyriet blir såleis viktig som ein etisk ytring snarare enn som eit steg i ein konkret frigjeringsstrategi. Massemedia er viktig her både som ein måte å universalisere martyriet, men også som appell til den enkelte gjennom eit massemedium. Fleire omvendingsforteljingar skildra av jihadistar involverer TV innslag og videoar. Sidan jihad er ei personleg etisk haldning, vil gjerne valden vere eit forbigåande fenomen snarare enn å vere noko som definerer rørsla. Det individuelle ansvaret er eit brot med tradisjonell islam som gjerne legg vekt på det kollektive. Bin Laden og co har gjennomført ein 'protestantisk' revolusjon i islam.

Eit interessant fenomen er også at bin Laden og co ser at skaden frå 11. september er avgrensa i høve til den skaden som USA vil øve mot seg sjølv ved å oppheve fridomar for borgarane, auka overvaking og for å jakte på jihadistar som kanskje/kanskje ikkje skjuler seg i befolkninga. USA som stormakt kan også berre tenkje territorialt og dermed rotar dei seg fast i område som Afghanistan og Irak. Dermed opnar dei vegen for å bli utsette for åtak frå alle som vil slåss mot dei.

Boka til Devji har mange interessante sider, men det raraste er at den gjer ein deleuzo-guattarisk analyse av jihad utan å nemne verken Gilles Deleuze eller Felíx Guattari. Det interessante med Al-Qaida er at den er ein nomadisk krigsmaskin orientert mot å knuse byen/staten – i dette høve USA og deira allierte (eller Korsfararane som dei kallar dei). Som hjå Deleuze og Guattari har ikkje krigsmaskina naudsynlegvis krig som formål. Medan den nomadiske krigsmaskina er deterritorialisert og rår innan eit glatt rom, så er staten knytt til eit territorium som er stratifisert – eller stripete. Det Devji ikkje tek med er endringane i USA sjølv. Dei ny-konservative si maktovertaking betyr meir enn det vi i Europa har tendens til å få med oss. Dei har sidan Barry Goldwater sitt nederlag i 1964 vore ein konservativ motkultur – ei krigsmaskin for å omdanne verda. Med Republikanaranes sitt valkupp i 2000 kom desse folka til makta og har gjennom hendingane 11. september klart å mobilisere amerikanaranes mikro-fascisme mot alt og alle. Analogt til fascismen i Tyskland har denne krigsmaskina forma ei deterritorialisert fluktlinje for utsletting som har reterritorialisert seg i Irak og Afghanistan. At USA vil tape krigen i Irak ser rimeleg klart ut og spørsmålet er om den konservative fluktlinja blir stansa med dette nederlaget og kor mange dei kjem til å ta av dage i den prosessen. Meir enn 600 000 irakarar er truleg alt døde sidan invasjonen i 2003 i følgje ei undersøking publisert i The Lancet i fjor.

mandag 12. mars 2007

Sex og AIDS i Mexico

Nok ei bok frå Roddey Reids seminar ved UCSD; Hector Carrillos, The Night is Young: Sexuality in Mexico in the time of AIDS. Carrillo er opphavleg oppvaksen i Mexico City, men tok seinare utdanning i USA og er gamal AIDS-aktivist frå San Franscisco. Boka er basert på ulike feltarbeid i Guadalajara som er ein by som har eit større homofilt miljø enn det som er vanleg i mindre byar i Mexico, men er samtidig meir konservativ. Ikkje minst heng dette saman med at byen og delstaten Jalisco er kjelda til mange forhold som definerer eit tradisjonelt bilete av mexicanidad: kvinnenes mørke mauriske venleik, dei meksikanske cowboyane, osb. Det er mellom denne konservatismen og på same tid liberalismen at Carrillo plasserer seg.

Carrillo fekk interesse for å forske på seksualitet i Guadalajara som følgje av alle samanstøytane som oppstod i kjølvatnet av at International Gay and Lesbian Association la sitt årlege møte til byen i 1991. Dette var ein siger for lokale krefter som ville vise at homofili kunne ha ein offentleg plass i ein by som Guadalajara og i eit land som Mexico. Møtet blei møtt med mykje motstand frå konservativt hald og borgarmeisteren gjekk etter kvart med på å gje løyve til å halde møtet, men ville ikkje gje politivern. Hotelleigarforeininga truga alle som leigde ut rom med eksklusjon, osb. Motstanden førte til at møtet blei flytta i siste liten til Alcapulco, men då hadde alt mange av dei internasjonale gjestene meld avbod av di dei ikkje kjende seg trygge på å kunne kome til Mexico.

Carrillo si bok er ein veldig engasjerande etnografi der han undersøkjer ulike måtar befolkninga i byen klassifiserer sin eigen seksualitet og korleis denne er knytt saman med kjønnsrelasjonar generelt og samfunnsstrukturen i byen. Tradisjonelt sett er forholda i familien og mellom mann og kvinne knytt til mannen som dominerande part. Denne machismoen har vorte mykje kritisert dei siste tiåra noko som har gjeve større rom for likskap mellom kjønna. Denne kritikken er i stor grad knytt til kulturelle mønstre og ideal om likskap som er importerte frå USA. Carrillo viser også korleis forholdet til sex har endra seg i Guadalajara i laupet av 1990-talet og ikkje minst gjennom nye framstillingar av forhold mellom kjønna og mellom ulike typar seksualitet gjennom TV. Alt dette har gjort det lettare å vere homofil sjølv om mange framleis må trø varleg i høve til familie og arbeidsplass. Men likevel gjev Carrillo eit bilete av situasjonen der pragmatisk tilpassing mellom ulike omsyn er sentralt. Både seksuelt liberale relasjonar og konservative livshaldningar fungerer saman.

Boka har enkelte svake sider, men den mest graverande er i kapittel 2 til 4 der han studerer det han kallar seksuell identitet. Ein kan få inntrykk av at Carrillo meiner seksuell identitet er noko ein ’har’ og som han dermed kan spørje om dette direkte. Sitat frå intervju viser at han spør om det på denne måten. Etter mitt syn påfører han då informantane ein problematikk som kjem utanfrå. Ein kan tenkje seg eit uendeleg mønster av moglege seksualitetar og praksisar som ikkje er fanga opp av noko klassifiseringssystem. Klassifiseringane finnest sjølvsagt likevel, og folk grip om dei, gjer dei til sine og finn dei ’naturlege’, men å starte med dei blir feil. Han startar der han burde ha slutta og må likevel improvisere med at identitetane blir hybridiserte og liknande. Hovudproblemet ligg her i begrepet identitet som framleis er mykje i bruk, men er så tømt for innhald i samfunnsvitskapen at det bør avskaffast. Når eg leste det etnografiske materialet i desse kapitla, så kom eg til å tenkje på Pier Paolo Pasolini sin film Comizi d’Amore (Kjærleiksmøter) der han sommaren 1963 gjekk rundt på strender og offentlege plassar i Italia og spurte folk ut om sex. Carrillos spørsmål om ”Kva er din seksuelle identitet?” minnte meg om Pasolinis spørsmål til unge kvinner: ”Vil ekteskapet løyse ditt seksuelle problem?”

mandag 26. februar 2007

Dracula og Friedrich Kittler

Tok til å lese Dracula av Bram Stoker, som opphavleg kom ut i 1897, etter å ha funne mange referansar til denne boka i Friedrich Kittler si bok Gramophone, Film, Typewriter (opphavleg på tysk i 1986 og i engelsk utgåve i 1999 på Stanford University Press). Denne siste boka er del av leselista tilRoddey Reid's seminar på UCSD.

Det eg spurde meg om var kva ein blodtørstig vampyr har å gjere med utviklinga av mediesituasjonen som skjer frå den tida då Dracula blei skriven. Stoker skreiv boka i form av dagboksnotat - først av Jonathan Harker så Lucy Westenra, Dr. Steward og Mina Harker. Ein moderne lesar tenkjer gjerne: "Stakkars folk! Dei skreiv ned alt dei tenkte og opplevde i laupet av dagen". Men utan denne nedskrivinga, så ville det ikkje bli nokon roman. Eg trur det nettopp er dette trekket ved Dracula som interesserer Kittler, for han har ein hovudpåstand om at "Media bestemmer situasjonen vår" (s.xxxix, mi oms.) og med utviklinga av fonografen (og grammofonen), film og skrivemaskin kring 1880, så hadde mediesituasjonen endra seg. Den gamle skriftkulturen fanst ikkje meir pga. konkurransen frå lyd og biletmedier samt at skrivemaskinen smeltar saman skriveoperasjon og ferdig produkt. Sidan Gutenberg si tid var denne prosessen skild, og forfattarar og andre profesjonelle skriftførarar la mykje arbeid i å ha ei fin handskrift.

I Dracula har dette endra seg, for Jonathan Harker og Lucy Westenra skriv dagboksnotat i 'shorthand' , dvs. med forkortingar og symbol, og Dr. Seward les inn sine opplevingar og tankar på fonograf. Mina Harker skriv desse notata og fonografrullane ut på skrivemaskin. Det sentrale i historien, og det som synest å interessere Kittler, er at skrivemaskinarka blir eit samandrag av alt som har hendt. Det hjelper personane i romanen til å få ein oversikt over svært spreidde hendingar (der Dracula på ulike måtar inngår) og dermed kan dei leggje planar for korleis dei kan ta knekken på han.

Med andre ord, skrivemaskinen er ein teknologi for å lagre ting ein vil hugse. Kittlers poeng er (truleg) at skrift har vorte redusert til lagringsmedium. Det kan ikkje lenger mane fram lydar og bilete gjennom poesien når ein kan få dette fram på ein betre måte ved biletmedia (film og TV) og lyd (grammofon, radio, osb.). Media bestemmer korleis vi kan uttrykke oss. Eller som Nietzsche uttrykte seg (på skrivemaskin) "Våre skrivereiskapar arbeider også på tankane våre" (s.200 i Kittler, mi oms.). Nietzsche var tidleg ute med å skaffe seg ein av Malling Hansens skrivemaskiner pga. at han var sterkt nærsynt og plaga med migrene-anfall når han hadde skrive mykje for hand. Skrivemaskiner blei utvikla for at blinde og svaksynte skulle kunne uttrykke seg. Ein som skriv på maskin treng berre å ha kjensle for plasseringa til tastane for å kunne skrive.

Malling Hansens skrivemaskin hadde lett for å gå i stykker, så Nietzsche måtte gå over til å diktere til studiner som ville lære om filosofien hans. I denne perioden utvikla det seg eit forhold som kom til å vare gjennom det meste av det 20. hundreåret: kontordame, skrivemaskin og forfattar. Den siste dikterte det den første skulle skrive. Kontordama inngjekk som ein del av skriveteknologien, men det førte også til ein ny sjanger - kontorromansen. Med andre ord ei deterritorialisering frå kontorstolen til ei reterritorialisering i ekteskapet. Dette er ein av mange små forteljingar i Kittlers bok og det er også ein av funksjonane som tekst framleis har: Den kan brukast til å gje oss forteljingar. Kittlers bok har mange av dei, men ein kan lett forsvinne inn i dei og tru at det er det boka hans handlar om.

For Professor Van Helsing som vil forklare kvifor dei som leitar etter Dracula har ein fordel, så er skrivemaskinen ein underordna reiskap. Hovudforklaringa hans er at Dracula har ein 'barnehjerne'. Han blei fødd i middelalderen når menneska var mindre utvikla og hjernen hans har ikkje vakse til vår storleik ettersom han har vore borte frå Guds nåde så lenge. Dette er tilfelle sjølv om han har utvikla andre evner som gjer han farleg. Mina Harker er heldig som er yndig kvinne, men som også har ein hjerne som er opplært som ein manns (jf. s.323 i utgåva frå Border Classics, 2006).

Denne hjerneteorien er sjølvsagt ganske tvilsam og Stoker viser dette indirekte ved at personane i romanen må stole på nedteikningane på skrivemaskin-arka for å hjelpe seg. Dei spora som dei same opplysningane har gjort i nervebanene er ikkje tilstrekkelege for at dei skal kunne hugse godt nok. Ved hjelp av dagboksnotata til Jonathan Harker kan t.d. Van Helsing og Mina Harker finne fram til Dracula si borg i Transylvania. Dermed fungerer desse notata som eksempel på distribuert kognisjon slik det er framstilt av Edwin Hutchins: Dei er gjenstandar kring oss som vi brukar for å tenke med. Ved å dra inn notata som eit ytre minne utvidar hjernen sine kapasitetar for å løyse problem.

lørdag 24. februar 2007

Kva har Orson Welles, atombomba, Xanax og Talcott Parsons felles?

Sit her med Jackie Orr si bok Panic Diaries (Duke, 2006) som eg nett har lese som ein del av Roddey Reid sitt kurs i 'Technoscience' ved UCSD. Boka har undertittelen A Genealogy of Panic Disorder. Panic disorder er ein diagnose som blei innført i amerikansk psykiatri i 1980 med diagnosemanualen DSM-III. Frå USA har denne lidinga spreidd seg til alle andre land der amerikansk psykiatri har stor innverknad (som i Noreg).

Orr knyter denne lidinga til ein større diskurs kring panikk i den amerikanske samanhengen som går attende til sterkt mediatiserte hendingar som brannen i Iroquois teatret i Chicago i 1903 der seks hundre omkom og Orson Welles si kjende radioteatersending av 'Klodenes kamp' 30. oktober 1938 (der ingen omkom, men mange vart vitskremde). Begge hendingane førte til panikk.

I den første halvdelen av siste hundreåret blei panikk i stor grad forstått som eit kollektivt fenomen og då ut frå teoriar om suggesjon og imitasjon i forlenginga av Gustave LeBon og Gabriel Tarde sine teoriar om store folkemengder og offentleg opinion. Dette var teoriar som blei tekne opp av Robert E. Park (som er kjend for å ha grunnlege Chicago-skulen), Edward Ross og William McDougall m.fl. Noko av det som Orr søkjer å avdekke er korleis det vaks fram ulike måtar å kontrollere befolkninga sin psyke - ei psykomakt analogt til den foucaultske biomakt. Det Orr forsøker å vise er koplinga mellom samfunnsvitskap og kontroll med befolkninga i samband med Princeton Radio Research Project på slutten av 1930-talet der Paul Lazarsfeld var ein av dei sentrale. Dette prosjektet var finansiert av Rockefeller Foundation og CBS som også hadde ein sentral medarbeidar i prosjektleiinga. Målet med prosjektet var i stor grad marknadsforsking - altså korleis ein kunne få ei betre tilpassing mellom innhaldet i det nye mediet og kva lyttarane ynskte. Dette for å kunne tilpasse reklamen betre.

Effektane av sendinga til Orson Welles og venene hans i Mercury Theatre gjennom CBS si søndagssending kom nok som ei overrasking på Lazarsfeld og co, men nedslagsfeltet for den verste panikken var (utruleg nok) ikkje langt unna Princeton. Invasjonen frå Mars fann nemleg stad ved Grovers Mill kort veg unna. Dermed kunne forskinga på panikken starte med ein gong. Hadley Cantril publiserte i 1940 ei analyse av djupne-intervjua som hadde vorte tekne av ei rekkje folk i nabolaget. Spesielt folk frå landsbygda med låg inntekt og lite utdanning var typisk nok lette å utsette for 'suggesjon'.



Dette framsto som eit offentleg problem når USA skulle gå inn i krigen. Korleis unngå panikk på heimebane og blant troppane? Samfunnsvitskapen sine undersøkingsteknikkar blei ein del av krigsmaskineriet og Hadley Cantril framsto både under og etter krigen som ein allestadsnærværande konsulent i det å unngå offentleg panikk. Panikk blei sett på som det verste resultatet av t.d. bombing, sjølv om flyvåpenet sine eigne undersøkingar av effekten av bombinga av Tyskland og Japan (med Hadril i leiinga) gav lite støtte for dette synet. Likevel, kollektiv panikk blei sett som den største faren ved eit evt. Sovjetisk åtak på USA med atomvåpen. At alle overlevande ville flykte ville igjen skape kaos og befolkningas stridsevne ville bli underminert. Gjennom heile 1950-talet var sivilforsvaret si viktigaste oppgåve å hindre panikk ettersom det var verre enn atombomba sjølv!

Panikk blir også i same perioden tema for kybernetikken som var eit tverrvitskapleg felt som vaks fram i laupet av 1940-talet med Norbert Wiener som ein av dei fremste teoretikarane. At kybernetikken kunne omfatte anna enn datamaskiner og styringa av tekniske system blei tidleg klart for mange. Allereie den første konferansen om kybernetikk i 1946 femna mellom IT, nevrologi, antropologi, sosiologi, m.m. Orr koplar denne nye 'styringsvitskapen' til behandlinga av pasientar med 'krigsnevroser' ved Hillcrest Hospital der ein ny biologisk orientert psykiatri vaks fram (og som etterkvart tok makta i psykiatrien med DSM-III).

Ein annan viktig figur er Talcott Parsons og hans kybernetiske systemteori, men ikkje minst - og dette er ein av dei beste delane av boka - Anne Parsons, dotter hans, sitt problematiske forhold til denne 'farsfiguren' for sosiologien. Anne Parsons var utdanna psykoanalytisk orientert antropolog med utdanning frå Frankrike og hadde delteke på seminara til Lévi-Strauss og Lacan. Men ho var også 'psykisk ustabil' og sterkt prega av den trugande verdssituasjonen på 1950- og 1960-talet og reagerte med panikk. På grunn av 'manglande tilpassande mekanismer' (T. Parsons utttrykk om psykiatriske lidingar) tok ho livet av seg i 1964.

I kapitlet om framveksten av psykofarmaka som Xanax, så møter vi igjen den individuelle panikken, men no som forfattaren sin eigen tilstand diagnostisert som 'Panic disorder'. Ho melder seg også som friviljug til å delta i forsøk med stoffet Xanax for behandling av denne lidinga. Forholdet mellom Xanax, farmasiselskapet Upjohn (som laga dette stoffet) og dei biologisk orienterte psykiatrane er nærmast sirkulært: psykiaterane testar ut ulike stoff på ulike diagnoser på eit spekter av symptom dei puttar inn under merkelappen hysteri, Xanax virkar rimeleg godt på nokon av desse symptoma og Upjohn finansierer forskinga på desse symptoma. Dermed oppstår diagnosen Panic disorder og ein gjer store undersøkingar verda over for å sjå om den finst andre stader enn i USA (ja, det gjer den) og om Xanax har ein internasjonal marknad, men ein intervjuer folk berre med utgangspunkt i dei kriteria som alt er sett opp, osb. osb. Denne sirkulariteten blir berre broten ved at Upjohn blir fusjonert med andre selskap og dei nye antidepressiva som kjem på marknaden på 1990-talet og som dankar ut Xanax. Dermed har ein framleis ein tilstand (Panic disorder), men ikkje lenger stoffet og selskapet som var avgjerande delar av arrangementet.

Orr er både sosiolog og performance-kunstnar og ho har på ulike måtar prøvd å dramatisere stoffet slik at vi ikkje innan den lærde diskursen skal gløyme korleis panikk kan arte seg. Ho koplar også sin eigen biografi inn i framstillinga. Ho vaks, til dømes, opp på 1960-talet i byen Reading i Pennsylvania som i 1955 var åstad for sivilforsvarsfilmen Alert Today - Alive Tomorrow der førebuing mot panikk var sentralt. Men ein del av dette stoffet - spesielt i kapitlet der ho dreg på eiga erfaring som forsøkskanin og panisk pasient - funger truleg betre som performance enn som tekst. Historient i denne boka er likevel veldig viktig og eg sette spesielt pris på illustrasjonen der forfattaren står ute i åkeren Grovers Mill og speida etter marsbuarar.

Roar Høstaker