søndag 20. oktober 2013

Paranoia-klassikar til vår paranoide tid.

Også denne gongen går eg attende til ein klassikar. Denne gongen er det Daniel Paul Schrebers Memoarar frå min nervesjukdom som første gong kom ut på tysk i 1903. Schreber (1842 - 1911) var ein veldig suksessrik høgsterettsdommar i Preussen, men måtte tre tilbake på grunn av sinnsjukdom. Boka tek først og fremst opp tida frå 1893 til 1902 då han var innlagt på ulike sinnsjukehus - og då den lengste perioden ved asylet på Sonnenstein Slott nær Dresden.

Kva aktualitet har så denne boka i dagens situasjon? Boka er først og fremst ganske instruktiv som ei skildring av paranoia sett frå den paranoides eige perspektiv. Vi har nettopp fått ei ny regjering som ope har spelt på paranoide kjensler (jf. Frps valbanner nedanfor) og ein minister som uttalar at innvandring er å "importere middelalderkultur". Men dette er ikkje kjensler som avgrensar seg til Framstegspartiet, men som vi like gjerne kan seie handlar om norsk og europeisk nasjonalisme. Medan det på Schrebers tid er snakk om ei raselære med biologisk innhald, så har rasismen i vår tid ein kulturell vri: kultur utgjer i følgje denne eit uoverstigeleg skilje mellom ulike folkeslag.

Kva kjenneteikna Schrebers paranoide førestellingar? Først og fremst at han kan avsløre komplott alle stader. Professor Flechsig i Leipzig, som han var i behandling hjå, hadde ein noko mystisk innverknad på Schreber. Han meinte Flechsigs sjel påverka hans eiga sjel og at Flechsig forsøkte å utsette han for eit sjelemord der nokon sjeler klarar å auke sin eigen styrke gjennom drepe andre sjeler (Dette er ein idé som seinare blei teken opp av Philip Dick i romanen Ubik i 1969) .

Elles skildra Schreber ulike strengt hierarkiske nivå i himmelen som var befolka av store massar av sjeler. Desse massane kom frå framande folkeslag og dyrka framande gudar og dei utgjorde store flokkar som truga Verdsordninga. Denne Verdsordninga var innsett av Gud som på toppen av det heile snakka tysk. Rett nok var det ein litt særeigen variant av dette språket. I det minste sidan reformasjonen var tyskarane heilt klart Guds utvalde folk og det kunne også hende at dei alt hadde vorte dette frå folkevandringstida av. Men katastrofe truga frå alle kantar og Gud kommuniserte direkte med Schreber gjennom strålar. Utover i boka byrjar det også å skje mirakuløse ting med kroppen hans: han blir forsøkt omdanna til ei kvinne.

Schrebers vrangførestellingar er sjølvsagt mykje meir omfattande enn det som er nemnt her, men det er alltid nokon vonde personar eller krefter som trugar han sjølv eller ein Verdsorden. Desse noko diffuse kreftene har ein uhyggeleg og lite gjennomskodeleg verknad på han gjennom strålar eller på anna vis.Men Schreber har gjennomskoda dei og veit kva som føregår.

Valbanner frå Framstegspartiet
Schreber skreiv boka for å bruke den som eit argument i eit søksmål mot staten for å bli kjend frisk og for å bli slept ut frå Sonnenstein. Dette lukkast han med i 1902. Grunnen til at boka er så kjend i vår tid er først og fremst at ho blei kommentert av Sigmund Freud og seinare av vidkjende forfattarar som Elias Canetti, Jacques Lacan, Gilles Deleuze og Felix Guattari. Det har vorte sagt at Schrebers bok annonserte Hitler og nazismen og det er klare parallellar mellom Schrebers paranoia og Hitlers oppfatningar om ein jødisk verdskonspirasjon for å knuse Tyskland med tilhald i New York, London og Moskva. Den moderne paranoiaen som Framstegspartiet spelar på ("snikislamisering", for eksempel) finn sine parallellar i teoriane om Eurabia og Behring Breiviks ulike ytgydingar. Det er kanskje difor at det har vore så vanskeleg å diskutere 22. juli i denne valkampen. Behring Breiviks forskrudde univers har klangbotnar langt inn i folkedjupet.

Ingen kommentarer: