lørdag 24. august 2013

Ein forrykande roman

Wu Mings siste roman "Altai" har no kome i engelsk omsetjing og dette er ei forrykande forteljing om spionasje, intriger og svik fletta inn i historiske hendingar i tidsrommet 1569 til 1571. Det er såleis ein historsk roman der hovudpersonen Manuel Cardoso (alternativt Emmanuele De Zante) gjennomlever ein eksplosjon i arsenalet i Venezia, maktspel i Konstantinopel, beleiringa av Famagusta og slaget ved Lepanto.

Wu Ming, som betyr 'anonym' på kinesisk, er eit kollektiv av fire kunstnarar basert i Bologna. Dei skriv også bøker kvar for seg, men då under namna Wu Ming 1, Wu Ming 2 osb. Altai annonserer seg sjølv som ein oppfølgjar til boka "Q" som dei samme forfattarane gav ut i 1999. Denne boka er lagt til reformasjonen i Tyskland og bondeopprøra på 1520-talet. Den blei publisert under namnet 'Luther Blissett'. Luther Blissett var ein britisk fotballspelar som hadde ein relativt middelmådig karriere på AC Milan i byrjinga av 1980-talet, men namnet blei raskt tatt i bruk som psevdonym for ei heil rekke kunstnarar. På 1990-talet kalla forfattarane av Q seg for 'Luther Blissett Project', men dei avslutta dette i år 2000. I seinare tid har dei også engasjert seg i italiensk politikk gjennom ein blogg der dei er kritiske til Beppe Grillo og hans 'Fem stjerner'-parti og ikkje minst til 'Silvio Burlesconi'.

Hovudpersonen i Q dukkar opp i Altai som ein biperson under namnet Ishmail Al-Muchari, kaffihandlar i byen Mocha i Jemen. Han tar seg av handelsinteressene til Yossef Nasi i dette området.Nasi, som er ein historisk person, forsøker i romanen å få danna ein jødisk koloni på Kypros. Jødane i spania hadde vorte kasta ut i 1492 og hadde sidan den tid forsøkt å gjenetablere seg ulike stader, men ikkje utan problem. Nasis familie reiste først til Antwerpen og seinare Venezia før dei slo seg ned i Konstantinopel i det tyrkiske imperiet. Nasi forsøkte her gjennom diplomati å reie grunnen for tyrkisk erobring av Kypros og så danning av eit nytt rike styrt av han sjølv. Den tyrkiske erobringa av Kypros i åra 1570-71 enda i eit vanvittig blodbad etter ei lang beleiring av Famagusta. Denne byen har vorte offer for krig seinare også og den tyrkiske invasjonen i 1974 etterlet store delar av Famagusta som ein spøkelsesby som ein ikkje får lov til å gå inn i. Den greske befolkninga flykta sørover på øya.

Romanen er ein historisk allegori over vår eiga tid med 'clash of civilisations' og stormakter som brakar saman i unødvendig slakteri. Boka er skriven i ein stil som unngår den vanlege rasemessige eller kulturmessige forståinga av forholdet mellom ulike folkeslag som har vore vanleg sidan 1800-talet. Denne tankemåten var rett og slett ikkje oppfunnen på denne tida. Samtidig er den både realistisk og optimistisk!



Bloggføraren på Famagustas gamle murar i juli 2007.