Etter å ha lese "Altai" (sjå tidlegare blogginnlegg), så tok eg nyleg fatt i romanen "54" av det italienske forfattarkollektivet Wu Ming. Også dette er ein historisk roman, men der tidrommet er lagt til året 1954. Dette var eit hendingsrikt år der striden om Trieste blei avgjord og med deling av italiensk-slovenske område, slaget om Dien Bien Phu avgjorde Frankrikes nederlag i Indokina, KGB blei oppretta etter oppgjeret med Beria etter Stalins død og Cary Grant spelte inn "Tyv fanger tyv" (To catch a thief) med Grace Kelly og redigert av Alfred Hitchcock.54 er det ein kan kalle ein flettverksroman om korleis ulike lagnader kjem i kontakt med kvarandre. Sentrale personar er: Cary Grant som blir kontakta av britisk etterretning for å kunne lage ein film om Tito i Jugoslavia, gangsteren Lucky Luciano som organiserer smugling i Napoli, brørne Capponi som driv den kommunistiske baren Aurora i Bologna, pappa Vittorio Capponi som blei att som partisan i Jugoslavia, eit fjernsynsapparat laga av McGuffin Electric Company i USA, småtjuven Salvatore Pagano som blir kalla Kociss etter ein ungarsk fotballspelar, den amerikanske gangsteren Stefano Zollo kjend som "Steve Cement" etter måten han gravla ein del folk på, Angela Montroni som har ein bror på sinnssjukehus, Ettore Bergamini som er tidlegare partisan og no smuglar osb. osb. Det er mange historiar som skal tvinnast saman mot slutten av boka og forfattarane klarar å få det til.
54 følgjer slavisk ein kronologi frå slutten av 1953 til november 1954 og som i tidlegare Wu Ming-romanar som Altai og Q (skrive under psevdonymet "Luther Blissett"), så er kronologisk tid eit styrande element. Det er vekt på hendingar og handlingar som rører seg uavvendeleg framover. Dette er truleg det mest pop-litterære trekket i romanane og byggjer opp spenning som i ein tradisjonell kriminalroman. Likevel, talet personar er ganske stort og det er ingen lett identifiserbar helt i denne boka. Dette gjer det også vanskeleg å forutsjå kva som vil skje til slutt når alle forteljingane skal løysast opp. Berre innimellom får vi gjennom personanes tankar og dialog litt tilbakeskoding, men den litterære stilen i kvart kapittel varierer også sterkt. Enkelte kapittel der hendingane er skildra frå eit subjektivt synspunkt er av og til skrivne i andreperson eller i tredjeperson. Fri indirekte tale? Ja, på ein måte, men med ein vri som minner om Pasolini. Sjølve møtet mellom Cary Grant og Tito er skrive på ein måte som truleg vil kunne gje opphav til ein del analyser frå litteraturvitarane si side.

Wu Ming1 har omtala deira eigen stil (men også Roberto Savianos "Gomorra") som "Ny italiensk epikk". Jorge Luis Borges sa i eit intervju frå 1966 at det episke hadde berre overlevd i westernfilmar og Wu Ming sine romanar kan kanskje reknast som ein slags westernfilm eller eit helteepos der avgjerande moralske og politiske tema blir tekne opp. Mange andre romanar blir puslete i samanlikning.
Boka er også full av små morosame påfunn som filmkjennarar vil kjenne att som Cary Grants dekknamn (jf. North-by-Northwest) eller namnet på fjernsynsapparatet. Psykoanalysen av Grant på slutten av boka er også hylande morosam.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar